-Vi som foreldre må leve det vi preiker, seier Daniel Sæbjørnsen, pastor i menigheta Passion i Åsane utanfor Bergen. Fyrste helga i november deltok han på Indremisjonsforbundet sin leiarkonferanse på Straume forum, på Sotra. I eit intervju med Radio Sunnmøre deler han sine tankar om korleis ein skal klare å bevare unge i den kristne tru som har vakse opp med søndagsskule og kristent ungdomsarbeid. Han meiner at det kristne kunnskapsholet er større, og at ein må bli flinkare til å undervise born og unge om lære i Bibelen. Han meiner det er viktig å lære og å leve trua. Foreldre må også kvar dag gi evangeliet vidare til sine born ved å leve det ein lærer.
Høyr heile intervjuet med Daniel Sæbjørnsen.
Create your
podcast in
minutes
It is Free