Klimasaka i Høgsterett – dag for dag
News:News Commentary
Mellom 4. og 12. november skal Høgsterett handsama klimasaka. Miljøorganisasjonar og deira støttespelarar har tapt i to instansar, men vil dei likevel vinna i siste runde? Det som står på spel, er om tildelinga av nye petroleumskonsesjonar i Barentshavet er i strid med vernet om klima og miljø etter Grunnlova. I denne saka skal Høgsterett avgjera kort sterkt grunnlovsvernet for klima og miljø skal vera, korleis ein skal vurdera petroleumsutvinninga sitt bidrag til global oppvarming, kor mykje omsynet til dagens velferd skal vega mot omsynet til framtidige generasjonar, og i kor stor grad Grunnlova i klimaspørsmål skal setja grenser for politikken. Klimasaka er den rettssaka der størst samfunnsverdiar har stått på spel sidan Den store konsesjonssaka i 1918.
Filosof David Vogt og jurist Jørn Øyrehagen Sunde vil saman følgja klimasaka. Kvar dag (unnateke 10.11) lagar dei ein podkastepisode om korleis saka utviklar seg i Høgsterett, og samtalar med gjester om dei store spørsmåla rettssaka reiser. Gjestane er politisk redaktør Eirin Eikefjord, klimaforskar Kikki Kleiven, filosof Gunnar Skirbekk, jurist Marius Mikkel Kjølstad og statsvitar Erik Aarebrot.
Dommen har falle
Klimasaka sin legitimitet med Silje Aambø Langvatn
Ungdommen og klimaproblemet, med Erik Aarebrot
Klimasaka, juss og politikk, med Eirin Eikefjord
Klima og menneskerettar med Marius Mikkel Kjølstad
Framtidige generasjonar, demokrati og klima med Gunnar Skirbekk
Klimaproblemet. Kva for utfordringar står vi overfor? med Kikki Kleiven
Create your
podcast in
minutes
It is Free
The Tucker Carlson Podcast
The Matt Walsh Show
The Glenn Beck Program
Mark Levin Podcast
The Michael Knowles Show