TURSOMMER er DNTs podkast med ferietips for «annerledes-sommeren» 2020. Hver uke fram til starten av juli inviterer TURSOMMER gjester og eksperter med på tur for å snakke om Norge som ferieland. Podkasten er full av inspirerende tips – for deg som vil gå i fjellet, oppdage nye stier, sykle, padle kajakk eller overnatte på unike steder.Programleder: Mari Stephansen Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Episode List

Fjellet er ope

Jul 2nd, 2020 10:00 PM

Bli med til fjells, 1000 meter over havet til ei av DNTs 44 betjente hytter, Stranddalshytta i Ryfylket. John Nilsen, hyttevertskapet, visste ikkje kva fjellsko var då han byrja i jobben for eitt år sidan. No lengtar han etter hytta så fort han har stengt den for vinteren. Korleis vart han fjellfrelst, og kva gjer han for å sikra smittevern gjennom anleis-sommaren? Programleiar: Mari Stephansen Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Sporlaust på tur

Jun 25th, 2020 3:15 AM

I anleisåret 2020 har naturen i endå større grad enn tidlegare blitt ein fristad for fleire av oss både til dagsturar og overnatting. I sommar skal dei aller fleste feriera i Norge - og mange vil ut i naturen. Kva bør du som turgåar gjera for å sikra at naturen ikkje tek skade av deg? Kva unntak gjeld ved bålfyring, kvifor er slynger tingen når du heng opp hengekøya og kva triks gjer at du finn att doplassen din om natta? Torkil Reinertsen er turleiar i DNT ung og gjest i denne episoden. Han gjev deg eit kræsjkurs i kva du bør vita. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Turar med barn

Jun 19th, 2020 9:02 AM

Kva vert barn motivert av, kva utstyr er viktigast og kva stader er bra for sommerturar? Mangeårig turleiar i Barnas Turlag i DNT, Trude Havik, gjev du tips til turar for små born til meir krevande turar til turvante og motiverte større born og tweens. Dette er ein episode for deg som har vore litt på tur før og som vil prøva eit nytt område i år. Programleiar: Mari Stephansen Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Lofoten

Jun 11th, 2020 3:30 AM

Utanlandske turistar valfartar nordover kvar sommar for å oppleva midnattsola, dei kvasse fjella, det turkise havet og dei kvite strendene. I år er det vår tur. Undersøkingar viser at Lofoten topper lista over kor nordmenn ynskjer å feriera i sommar. Øygruppa i Nordland er eit eldorado for turgåing, fiske, surfing og dykking. Fjell og Vidde-journalist og turbok-forfattar Kristin Folsland Olsen, som sjølv har budd i Henningsvær i 20 år, veit kva du bør sjekka ut. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Skjulte perler

Jun 4th, 2020 3:30 AM

Årets sommar er ei gåvepakke for me som bur i Norge. Utan tilreisande er landet reservert for oss og me kan velga turmål, overnatting og aktivitetar frå øverste hylle. Men utanfor dei mest besøkte stadene, ventar dei mindre trafikkerte områda. Julie Maske, mangeårig journalist i Fjell og Vidde, har gått klassikarane, men også dei stiane få andre går. I denne episoden av DNT sin podkast Tursommer utfordrer ho deg til å ta steget inn i eit ukjend turområde. Programleiar: Mari Stephansen Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Get this podcast on your phone, Free

Create Your Podcast In Minutes

  • Full-featured podcast site
  • Unlimited storage and bandwidth
  • Comprehensive podcast stats
  • Distribute to Apple Podcasts, Spotify, and more
  • Make money with your podcast
Get Started
It is Free