Denne veka skal Marit Stokken Berland og Irene Krokeide Alnes til Brusand. I 2003 haldt dei møteveker 10 veker i strekk på denne staden, og denne veka skal blant anna pianisten som var med kvar kveld den gongen også vere med. Stokken Berland fortel i kvardagspraten at ho har forventningar også til denne veka og gler seg til å reise tilbake dit.
-Vi må ha forventning om at Jesus møter dei som kjem no og, seier Stokken Berland til vekas møteveke.
Høyr heile kvardagspraten på Radio Sunnmøre.