Volsdalen salme -og lovsongskor inviterer til julekonsert onsdag 3. desember. Det er Johnny Peder Pettersen som har starta koret i sin tid, og koret syng både salmer, lovsongar og vekkelsessongar.
- Det er enkelt, det er lett og folk kan senke skuldrane. Og her syng vi alle melodien, seier Peder Pettersen, som inviterer med til allsong på denne konserten.
Koret hadde sin fyrste julekonsert i 2024 i ei fullsatt kyrkje. I år har dei med seg gjestesolist Marianne Klokk i tillegg til eigne solistar. Ørskog allspelorkester skal også delta.
Høyr intervjuet med Johnny Peder Pettersen.