Sjømannskyrkja på Pattaya i Thailand har nyleg hatt besøk av Steinar Rishaug og kona, som tidlegare har vore ambulerande sjømannsprest før han nyleg vart pensjonist. Og no i helga hadde dei seminarhelg i Sjømannskyrja i Thailand.
Varmen stig i Thailand og lufta er fuktig, så det er ikkje mykje verande ute over lengre tid. Temperaturen er rett ubehageleg fortel Annstein Lothe i vekas prat.
Det merkast også auka pågong av folk som ynskjer å gifte seg i sjømannskyrkja no, og sidan Thailand no ynskjer turistar tilbake etter pandemien er innreisereglane blitt forenkla.
Vi høyrer om dette og meir i vekas prat med sjømannspresten i Thailand, Annstein Lothe.