Laurdag 21. juni var nær 1300 unge og vaksne på arrangementet The Send i Sparebanken Møre Arena i Ålesund. Radio Sunnmøre var tilstades og gjorde ein stemningsrapport på arrangementet der over 30 menigheter/organisasjonar gjekk saman om å arrangere samlinga. Det heile starta kl. 1500 og varte til kl. 2200 med lovsong, bøn og taler frå scena nonstop. Høg lyd for enkelte, men bodskapen var ikkje til å misforstå. Anne Lin Hynnekleiv, generalsekretær i Laget, og Joakim Solbakken, hovedleiar for The Send i Ålesund, vart intervjua av Johan Behrentz.