Kathrine Grande Røsvik er intensiv sjukepleiar og mamma. På fritida er ho frivilleg i ulike verv på bedehuset, både for vaksne, ungdom og barn. I eit intervju på Radio Sunnmøre fortel ho om då ho sjølv fekk eit møte med kristen tru heime på Godøya. Fellesskap, måltid og omsorg var noko ho sjølv fekk oppleve i møte med det kristne miljøet i ungdomstida. Høyr heile intervjuet med Kathrine Grande Røsvik på Radio Sunnmøre.