I Kvardagspraten denne veka tek vi ein prat med Marit Stokken Berland. Det er mange som lyttar til kveldsmøta på Radio Sunnmøre om kveldane kl.21, og Marit kan fortelje om fleire tilbakmeldingar på møta. I tillegg fortel Marit om tilbakemeldinga frå lyttarar som har fått konkrete svar på forbønsemner dei har fått dele under forbønstenesta som er starta opp hos Radio Sunnmøre.
I helga som var fekk også Marit vere med på IMF Sunnmøre sin historiske Drive-In-Basar som vart ein stor suksess. Høyr kvardagspraten med Marit Stokken Berland.