Kva for berekraftsmål er dei viktigaste for karriererettleiarar å kjenne til i arbeidet sitt? Og korleis kan karriererettleiarar rettleie vegsøkarar til berekraftige val? I del to av poddkast-episoden Berekraft og karriererettleiing møter vi professor Tristram Hooley.
Berekraft er eit tema som i aukande grad vert diskutert i karriererettleiingsfeltet. Det er tema både på Nasjonal karriererettleiingskonferanse 6.–7. november, i ein artikkelserie på Veilederforum.no og på ei rekke andre fagdagar, webinar og arrangement som arrangerast rundt om. Det er ofte miljøperspektivet og grøn rettleiing som vert løfta fram, men FN sine berekraftsmål består av til saman 17 mål, som utgjer verdas felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, nedkjempe ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030.
Mange offentlege karrieretenester er allereie forplikta til å oppfylle berekraftsmåla gjennom ulike styringssignal, men korleis kan dei ulike karrieretenesta eller den einskilde karriererettleiaren bidra til arbeidet med å nå berekraftsmåla?
Denne episoden i Veilederforum-podden er todelt. I den første delen møter vi Stian Olsen frå FN-sambandet, medan vi i del to møter professor Tristram Hooley fra Høgskolen i Innlandet og University of Derby.
Del 2: Berekraft og karriererettleiing
I andre delen av denne episoden møter vi professor Tristram Hooley fra Høgskolen i Innlandet og University of Derby. Hooley er godt kjend i både Noreg, Storbritannia og internasjonalt gjennom ei rekke roller, både som førelesar, forskar, rettleiar og policyrådgjevar. I tillegg publiserer han akademiske artiklar og driv nettstaden Career guidance for social justice og bloggen Adventures in Career Development. I episoden snakkar vi om både berekraftsomgrepet, korleis berekraftsmåla kan påverke karriererettleiingsarbeidet og grøn rettleiing.
Læreplanpodden #13: Om innføring og faglig utviklingsarbeid i FOV
Kall og karriererettleiing
Kva er meiningsfulle val?
Det hybride kontorlandskapet #4: Mot
Det hybride kontorlandskapet #3: Medarbeiderskap
Det hybride kontorlandskapet #2: Selvledelse
Det hybride kontorlandskapet #1: Tillitsbasert ledelse
Veilederforum-podden: Karriererettleiing og livskvalitet
Veilderforum-podden: Skolens rådgiving
Læreplanpodden #12: På vei mot fagbrev med FOV
Læreplanpodden#11: FOV som norskopplæring og hva med norskprøven?
Læreplanpodden #10: Om læreplanene og hvordan ta dem i bruk
Veilederforum-podden: Berekraft og karriererettleiing – del 1
Veilederforum-podden: Professor Roger Kjærgård
Veilederforum-podden: Emosjonell kompetanse
Læreplanpodden #9: Forberedende opplæring for voksne - språk og fag på en gang?
Læreplanpodden #8: Hvordan jobber lærerne pedagogisk i modulstrukturert opplæring?
Læreplanpodden #7: Hva er forberedende opplæring for voksne?
Veilederforum-podden: Hva er karriere?
Create your
podcast in
minutes
It is Free
Navigating Life After 40
Teaching Learning Leading K-12
Regenerative Skills
The Jordan B. Peterson Podcast
The Mel Robbins Podcast