I oktober blir det fakkeltog for forfulgte kristne på fire stadar i Møre og Romsdal. Dei tre fyrste arrangerast i Fosnavåg, Ålesund og Molde 25., 26. og 27. oktober, og det siste i Kristiansund i november.
Informasjonsleiar Linda Askeland blir med og held apell, og lokale songkrefter deltek. Fakkeltog for forfulgte kristne skal synleggjere ei støtte for kristne rundt om i verda som leve i skjul eller flykte frå heimen sin på grunn av si tru. Olaug Lillian Bjørke og Helge Åkernes har vore i studio for å fortelje fleire om årets fakkeltog.