I oktober 1997 oppretta Liv og Per Sævik frå Herøy på Sunnmøre Magda Sæviks Stiftelse. Stiftinga fekk namn etter mora til Per. Formålet var ideelt, og styret for stiftinga skulle gje økonomisk støtte til kristent arbeid. I løpet av desse 20 åra har stiftinga fordelt over 13 millionar kroner til ulike lag og organisasjonar lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
Kjell Furnes har vore leiar for stiftingsstyret sidan starten og måndag 22. mai vart han takka av for den langvarige leiarinnsatsen sin i samband med ei tilstelling på hotellet i Fosnavågen.