Erlend Johan Westad (25) vaks opp på Alnes i ein kristen heim. I oppveksten opplevde han mobbing, som utløyste år med depresjon og mørke tankar rundt seg sjølv. Etter ei tid med terapi møtte han sommaren 2023 opp på Vigra Kristelege Ungdomsklubb på Sagabu. I dagane etter ungdomsmøtet jobba Westad lenge med det han hadde fått høyre, og Bibelen på nattbordet han fekk av oldemora si kom endeleg i bruk. Til slutt kjende Westad at han ikkje ville leve lenger, og der og då på rommet sitt vart han møtt av ord om tilgivelse og ei omfavning han seint vil gløyme.
Høyr den sterke historia om då Erlend Johan Westad fekk eit nytt liv, i eit intervju på Radio Sunnmøre.