- Det tok tid for meg å forstå at Jesus var personleg og at han brydde seg om meg, det var meir at mine foreldre var misjonærer og at eg var med på lasset, fortel Randi Alnes, senterleiar for Ungdom i Oppdrag Ålesund. Ho bur i dag på Sunnmøre saman med mannen Jan-Oskar, og i eit intervju med Radio Sunnmøre fortel Randi om vegen ho har hatt frå ho vaks opp som misjonærbarn i Kenya, til å forstå at Jesus har ei betydning for henne personleg. Høyr heile intervjuet med Randi Alnes.