I sommar var Te`ena Behn Haim i Noreg på ferie saman med ektemannen. Dei bur til dagleg i Jerusalem, og dei har to born som er aktive i militæret i Israel. Då dei var i Noreg på ferie fulgte ho med på mediedekninga av Israel og synest det er fasinerande at Israel blir behandla som ei norsk kommune under stortingsvalet.
-Det er akkurat som ein har mista litt perspektivet rundt dette. Og det verkar som dei fleste i Noreg har kjøpt eit narrativ frå Hamas, som blir ein høgtalar for dei, uttalar Behn Haim i eit intervju på Radio Sunnmøre. Ho er sterkt kritisk til all feilinformasjon som blir spreidd, og skjønar også at det er vanskeleg for nordmenn å vite kva som er sanning i det som blir servert i norske medier.