I sommar har Eyvind og kona Siw-Anita vore på ferie i Noreg og før dei reiste tilbake var Eyvind Volle innom studio for å fortelje om Israel sett frå Noreg. Han er til dagleg pastor i Immanuelkirka i TelAviv. Volle fortel at det er fleire ting som blir overfladisk behandla sett frå Noreg, og han synest det ofte blir etablert ein del sanningar som ikkje blir diskutert lenger. Noreg har eit tydelegare anti-Israel perspektiv enn medier i andre land, opplever Volle, når han følger media i Noreg i forhold til kva andre land legg vekt på.
Høyr heile praten med Eyvind Volle.