I årets fyrste episode i Sjømannspresten tek vi ein prat med sjømannsprest Annstein Lothe på Pattaya i Thailand. Han fortel om at korona no har blomstra opp også i Thailand, og gjorde at nyttårsfeiringa vart meir redusert. Men julehøgtida vart markert med ein god gjeng på julemiddag, i tillegg til at barneheimen sjømannskyrkja støttar deltok på fleire arrangement.
Annstein Lothe fortel også om kva arbeid dei har for barn i området, og at det ofte er besteforeldre som kjem med borna til kyrkja. Høyr meir i årets fyrste intervju.