Hyrdehjerte på Årseth bedehus held fram torsdag 2. september. Hyrdehjerte er ei tverrkirkeleg teneste som ynskjer å "Sjå den eine og undervise dei mange". Før korona var fyrste samling på Årseth bedehus, og no 2. september held dei fram med andre samling. Anne Grete Hagerup Alfsvåg fekk sjølv god hjelp gjennom Hyrdehjerte, og ynskjer no at endå fleire skal få sjå det same som ho har sett. Vi har tatt ein prat med Hagerup Alfsvåg om Hyrdehjerte og kvelden på Årseth bedehus.