I eit seminar under ei næringslivskonferanse i Ålesund før helga, som vart markert i anledning 250 årsfeiring av Hans Nielsen Hauge, fortalde professor Ola Grytten om verdiane etter Hauge som har drive fram suksessen i næringslivet på Nordvestlandet.
Sunnmøringane har fått minst hjelp av staten, og dermed klart seg best sjølv i gjennom tidene. Nokre av grunnane for dette er, i fylgje Grytten, at ein har drive eit Haugeinspirert næringsliv. Svært mange bedrifter på Sunnmøre tek ansvar for seg sjølv, familien, lokalmiljøet og arbeidarane, og i tillegg har ein teke forvalteransvaret på alvor.
Høyr intervjuet med professor Ola Grytten under Næringslivskonferansen Ålesund 2021.