Desember nærmer seg med stormskritt, og det gjer også Stjernedryss i advent. Også i år arrangerer ImF Sunnmøre dette arrangementet seks kvelder på rad. I år er det Randi og Arild Ove Halås, Rune Sæther, og Sarah og David Åstrøm som blir med på alle dryssa. Jogeir Strand blir med som lydteknikar og Plussreiser med sal av sine Ahavaprodukte.
Det blir song og musikk, juleminner og andakter og det heile startar på Stranda bedehus 2. desember. Kvar kveld flyttar stjernedrysset til ein ny stad, før dei avsluttar i Brattvåg søndag ettermiddag.
Høyr heile intervjuet med Arild Ove Halås, konstituert krinsleier i Imf Sunnmøre.