For trettande gong arrangerast det Julenatt i Pinsekirka på Moa. Nær hundre personar frå 0 til 100 år er med å arrangere julespelet, og i år skal det bli like storslagent som før korona. Dans, musikk med liveband, koristar og solistar, samt skodespelarar i alle aldre skal bidra til å dele jula sin viktigaste bodskap gjennom fire førestillingar 11. og 12. desember. Vi har tatt ein prat med Miriam Boge om Julenatt.