Johan Halsne hadde sin siste arbeidsdag som krinsleiar i ImF Sunnmøre søndag 31. august. Som tidlegare meldt går han no inn i stillinga som krinsleiar i ImF Rogaland.
Frå 1. september går Arild Ove Halås (58) inn som konstituert krinsleiar for ImF Sunnmøre.
Stillinga som krinsleiar har vore utlyst og søknadsfristen er no ute. Krinsstyret i ImF Sunnmøre har ikkje gått til tilsetjing av ny krinsleiar, og vil arbeide vidare med denne saka opp imot konkrete personar i tida framover.
Administrasjonsleiar Arild Ove Halås vart på denne bakgrunn spurt om å gå inn som konstituert krinsleiar for ei tid framover, og han har svara ja til dette. Hålås har i dag ei delt stilling som administrasjonsleiar i ImF Sunnmøre og hovudpastor i Emblem bedehusforsamling. Han vil halde fram i stillinga si på Emblem. Halås har vore tilsett i ulike stillingar i ImF i mange år, og var blant anna krinsleiar i Nordmøre og Romsdal Indremisjon frå 2006-2018. Konstitueringa gjeld fram til ny krinsleiar vert tilsett, og ikkje lenger enn til sommaren 2026.
Johan Halsne vert leigd inn i ei 20 % stilling i ImF Sunnmøre i fyrste omgong fram til sommaren 2026. Han vil då arbeide med konkrete oppgåver/prosjekt samt i vinter/vårsemesteret også ha noko møteverksemd i krinsen.
Krinsstyret fortel i eit pressemelding at dei er takksame for at Halås og Halsne vil gå inn i desse oppgåvene, og det er gjort grep som gjer at ein vurderer at dette vil vere ei løysing som fungerer godt for ImF Sunnmøre i tida framover.
Høyr heile intervjuet med konstituert krinsleiar i ImF Sunnmøre, Arild Ove Halås.