Tradisjonen tru blir det også i år arrangert Stjernedryss i adventstid på Sunnmøre. Det er Johan Halsne i IMF Sunnmøre som står bak arrangementet, og i år har han gjort ein liten vri frå tidlegare år. I staden for ein ny gjest på dei ulike kveldane har han i år med artistane Sarah og David Åstrøm og Marie Gudmestad kvar kveld. I tillegg blir Arild Ove Halås og Randi Fagerhold Lauvås saman med Halsne sjølv. Den fyrste kvelden blir på Sylte bedehus i Valldal tysdag 5. desember.