I helga fekk Marit Stokken Berland oppleve The Send i Sparebanken Møre Arena. I sju timar var det kontinuerleg longsong, bøn og talar frå scena, og Stokken Berland fortel at det var ei fantastisk oppleving og god evangelisk forkynning. Nær 1300 deltok på arrangementet og fleire tok i mot Jesus. Ho fortel at hallen var fylt av omsorg, og dei som tok i mot Jesus fekk god oppfølgjing og oppmoding om å ha kontakt også i etterkant. Høyr heile kvardagspraten med Marit Stokken Berland som seier helgas arrangement var ein Jesusfest for alle aldre.