Onsdag 15. oktober blir det igjen Salmer på pub på Terminalen med Lewi Bergrud m/band. I fjor møtte 400 personar til denne konserten, og Thor Erik Fjellvang og Lewi Bergrud gler seg igjen til å kome til Ålesund.
- Salmane er songar som har vore høgt elska og akta i over hundre år, fortel Thor Erik Fjellvang. Han er pianist i bandet og starta konseptet Salmer på pub saman med Lewi Bergrud. Dei har begge to eit ynskje om at alle skal få eit møte med det innhaldet salmeskatten formidler og tenker at ein på pub også får formidle til dei som ikkje kjenner seg heime i ei kristen forsamling.
Høyr heile intervjuet med Lewi Bergrud og Thor Erik Fjellvang som gler seg til å halde konsert onsdag 15. oktober i Noregs vakreste by.