Andre gong på val til Stortinget klarte Harry Valderhaug å ta plassen for KrF i Møre & Romsdal. - Det må eg berre sei, at det laget vi har i Møre & Romsdal, frå nord til sør, indre og ytre, det er kjempebra. Det har vore ein veldig motivasjon i partiet, fortel Valderhaug til Radio Sunnmøre dagen etter valet. Han takkar for ein formidabel jobb i valkampen. Valderhaug trekker også fram partileiaren, Dag Inge Ulstein, som har vore i fylket ved fleire anledningar under valkampen og meinar han har gjort ein god jobb.
No ser Harry Valderhaug fram til ei periode på Stortinget og er spent på kva arbeidsområde han får tildelt Han trekk fram i intervjuet at no vil KrF jobbe med dei verdiane dei har gått til val på og dei fire hovedområda sine. - Det er noko med når vi har verdisaker som nærmast går på liv og død, så er det noko med at du gir respons ut til velgerane dine at du er den du utgir deg for å vere. At vi er å kjenne igjen som parti og vårt verdistandpunkt, seier Valderhaug er noko av det han trur gjer at dei har gjort eit godt val.
Høyr heile intervjuet med Harry Valderhaug.