Israel og Oberammergau er dei to store reisemåla Plussreiser arbeider mest med for tida, og som dei merker at folk verkeleg har lyst til å få med seg. Tilbakemeldingane til det kristne reiseselskapet tyder på at folk no er klare for å reise igjen, og det ser dagleg leiar Aud Kindervåg Halsne lyst på.