Lars Petter Ødegård (36) er tilsett som ny krinsleiar i ImF Sunnmøre. Han startar i stillinga i 30 % frå 1. januar og går inn i full stilling frå 6. april 2026. Ødegård er frå Dyrkorn i Stordal, på Sunnmøre, er gift med Miriam og dei har eitt born saman. Dei siste ti åra har han vore pastor i Misjonssalen i Kristiansund og har vore med å bygge opp denne menigheta. Han har også vore områdearbeidar i Misjonssambandet på Nordmøre og reist som forkynnar på landsplan.
-Då eg såg stillinga som krinsleiar vart lyst ut sa eg til kona mi, at er det noko eg aldri skal bli så er det krinsleiar. Fordi eg synest det var meir enn nok administrasjon som pastor. Og då den vart lyst ut for andre gong tenkte eg det samme, men då eg såg Arild Ove var blitt konstituert krinsleiar tok eg ein telefon til han for å høyre litt. Då trygga han meg med at hovedoppgåvene var forkynning, forsamlingsbygging, møte misjonsfolket og fellesskapsutvikling. Og då kjende eg at dette er dei tinga eg brenn for og er ei stilling eg ville søke på, seier Ødegård til Radio Sunnmøre.
Høyr heile historia til Lars Petter Ødegård frå han starta på Vestborg og vart ein kristen, og korleis trua har leia han i arbeidet han har gjort i inn -og utland, og ei tøff sjukdomsperiode opp i det heile. Høyr heile intervjuet på Radio Sunnmøre.