I eit intervju med leiar for Mental Helse i Ålesund, Arild Kvamme, får vi høyre meir om korleis Verdsdagen for psykisk helse blir markert i Ålesund og omegn.
Mandag kveld 18.oktober er det konsert med Marte Valle på Gomerhuset, og tysdag 26.oktober blir det foredrag med Sigurd Groven på Kirkens Bymisjonssenter. Dette er nokre av arrangementa fleire frivillege organisasjonar har gått saman om å arrangere.
Arild Kvamme, leiar for Mental Helse Ålesund, fortel at det i løpet av pandemien har vore ei auke i folk som tek kontakt med dei, og særskilt har det vore ei auke med menn som ynskjer hjelp.