Onsdag 17. desember var det julemiddag på Evangeliesenteret i Ålesund med julemusikk, julemat og andakt på programmet. Radio Sunnmøre tok turen og fekk ein prat med kokken bak julemiddagen, Stein Rune Thorsen, og mannen bak songen, Håvard Storeide. -Jula er ei vanskeleg tid og mange er einsame. Det er mange som slit med rus og er fattige, og då er det godt å få litt hjelp. Jula er for alle, seier Storeide til Radio Sunnmøre.
Svanhild Farstad er frivilleg på Evangeliesenteret og haldt andakt under julemiddagen.
Høyr heile reportasjen frå julemiddagen på Evangeliesenteret.