For ti år sidan starta Frelsesarmeen å markere Rusfri dag på 8. juni, og også i år vart denne markert på Varmestova i Ålesund. Radio Sunnmøre tok turen og fekk ein prat med frivilleg Britt Roald Nesvik, sosialfagleg leiar i Frelsesarmeen Kristine Hurlen, og Arnt Ove Tennfjord frå KrF Ålesund.
Konkurranser, god mat og musikk var på programmet då Rusfri dag vart arrangert i bakhagen på Varmestova i Ålesund.