I helga vart det satt opp ein ny og flott gapahuk på toppen av Ellingsøya, då med namnet Sperrenakken. Per Asle Bjørge, ei lokal eldsjel, står i spissen for at dette skulle hende. Han fortel i eit intervju med Radio Sunnmøre at kona meinte at også Ellingsøya burde ha ein gapahuk inspirert av Egilbu på Urkeegga. Og slik vart det, då Bjørge fekk tilslag på søknad hos Ålesund kommune samt bedriftene på øya til å få fullfinansiert både gapahuken og frakta opp til toppen.
Høyr intervjuet med Per Asle Bjørge på Radio Sunnmøre.