Jakobs bror er namnet på boka Eldar Skeide kom ut med i fjor vinter. Skeide har vore i studio igjen for å fortelje korleis det har gått med utgivelsen av boka. Boka handlar om korleis det er å vere veslebroren til Jesus, og om det som er dokumentert om då Jesus stod fram som Guds son. Skeide har debutert som forfattar med denne boka og gav den ut på eit sekulært forlag. Tilbakemeldingane etter at folk har lest boka er positive og lesarar har fortalt at dei synest boka er interessant.