-Den delen som gjeld å gje helsehjelp til dei som er rusavhengige, og den som går på førebygging, er dei to områda eg synest har fått eit bra fokus i arbeidet med den nye rusreforma, seier Harry Valderhaug, ordførar i Giske og 1-kandidat til stortingsvalet. - Men der er også ei utfordrande side som handlar om det å avkriminalisere for ei mindre mengde stoff, dette er ei stor utfordring for KrF, legg Valderhaug til.
Valderhaug er oppteken av korleis dette kan bli oppfatta av unge folk dersom det blir avkriminalisert, at ungdommane då vil oppfatte rusreforma som at det er lovleg å bruke og å ha på seg rusmiddel. På spørsmål om det er mogleg med ei rusreform der ein kan hjelpe tungt rusavhengige og på same tid unngå at unge folk får lettare tilgong til rusmiddel, så meinar Valderhaug at det bør vere mogleg.
Høyr heile intervjuet med Harry Valderhaug her.