Søndag er det minnemarkering av krystallnatten i Ålesund ved Paviljongen. Det blir fakkeltog gjennom sentrum, foredrag ved Per Arne Vatnøy og minnemarkering. Krystallnatta fann stad natt til 9. november 1938, då jødiske butikkar, synagoger og heimar vart vandaliserte og brent i Tyskland og Østerrike. Namnet viser til glasskåra som dekte gatene etter at vindauge vart knust, og vart eit symbol på starten av ei brutal forfølgjing som kulminerte i Holocaust.
Radio Sunnmøre har tatt ein prat med leiar for MIFF Sunnmøre, Marit Heggen Stokke, som arrangerer markeringa i Ålesund.