Måndag kveld vart Israel sine grenser stengt for alle som ynskjer å reise inn i landet, noko som får store konsekvensar for reiseselskapet Plussreiser. Fire store påmeldingsturar og nokre bestillingsturar, som utgjer nokre hundre reisande, blir berørt av dette no i fyrste omgong. Vi har tatt ein prat med dagleg leiar Aud Kindervåg Halsne.