I ei ny samfunnsfagbok, Arena, utgitt av Aschehoug Undervisning i 2020, skal 10 og 11 åringar i 5. klasse lære om å kjenne på følelsar rundt eigen seksuelle identitet. Spørsmål som; -Veit du heilt sikkert kva som er din seksuelle identitet, eller lurer du litt, skal born no i 5.klasse svare på.
Radio Sunnmøre har tatt ein prat med lektor ved Wang Toppidrettsgymnas i Stavanger, og forfattar av boka "Normløst-Hvordan radikal kjønnsteori erobret Norge", Kjell Skartveit. Han har også vore med å skrive Det kristne verdensbildet saman med Kjell J. Tveter.
I fleire år har Skartveit engasjert seg i tematikken, og halde foredrag om korleis kjønn og seksualitet blir formidla i barne- og ungdomsskular i Noreg. Han er ikkje overraska over at dette no kjem i skulebøker for born, og synest reaksjonane mot dette no kjem for seint.
Dei siste åra har ein skulen fått forbud mot å forkynne i undervisninga, då særskilt i KRLE-faget.
-Det som skjer no er forkynning av postmodernisme, ei politisk tenkning av verkelegheita, at det ikkje finnes ei sanning. Det er ei ateistisk verkelegheitsoppfatning. Elevane blir undervist i ei anna tru, seier Skartveit.
Høyr heile intervjuet med Kjell Skartveit på Radio Sunnmøre.