I fjor haust var Moshdeh og Ben Giske i Egypt på ei kristen konferanse. For dei begge var det ei spesiell oppleving der dei kjende at Gud talte til dei om kvinnen i Egypt. Og slik starta prosessen med å etablere Jesus-Kvinner i landet. Moshdeh Giske har sjølv vakse opp i Midtausten og flykta med familien som liten til Sverige. Ho har alltid hatt ei nød for at sitt eige folk skal få bli kjend med Jesus og med kva oppgåver Gud har for dei.