I oktober reiste Kirsten Ose og Arne Moltubak, frå soknerådet i Ørsta, til Etiopia på tur med Kirkens Nødhjelp. Målet med turen var å hente inn opplevingar og å få erfare kor langt hjelpa til Kirkens Nødhjelp rekk i landet. I anledning fasteaksjonen våren 2026 skal Ose og Moltubak fortelje mykje frå turen dei hadde. Moltubak er sokneprest i Ørsta og Ose er med i soknerådet. Og då det var mogleg om å søke seg på ein tur til Afrika meldte Ose seg raskt til det.
I eit lengre intervju på Radio Sunnmøre fortel Kirsten Ose om turen ho fekk oppleve, og noko av det verste var å møte den store fattigdomen blant barn og unge i landet. Ho kan også fortelje at vegstandaren i Etiopia og er verre enn i Ørsta, og at ho fekk nye både smak -og matopplevingar. Høyr heile intervjuet på Radio Sunnmøre.