For tre år sidan starta Camilla Brusdal firmaet Stå Stødig og hjelper kvinner, som har opplevd vald og som lever med traumer, til auka livskvalitet.
- Fram til eg var 18 år gamal var det vaksne som rusa seg, det var vald, det var seksuelle overgrep, og det var omsorgsvikt, fortel Brusdal. Ho fortel at hennar historie starta då ho var 6 år gamal i Brusdalens grøne dal, då foreldra fortalde at dei skulle skiljast.
Det tek mange år før ein klarer å sette ord på vald i nære relasjonar, og vald kan vere både fysisk og psykisk. Dette fortel Camilla Brusdal i eit intervju på Radio Sunnmøre. No kjem ho med sin eiga historie i boka I lyset der står jeg, og lanseringa skjer under eit arrangement på Parken Kulturhus tysdag 16. september. Arrangementet har fått namnet Når livet ramler mellom to stoler og har som mål å skape openheit om kor vanskeleg livet kan føles når ein har opplevd store belastningar, men også skape håp og inspirasjon om korleis ein sjølv kan bidra til å kome seg vidare. Det blir panelsamtale med både ulike offentlege instansa, og det blir musikalske innslag.
Arrangementet er støtta av næringslivet og er gratis for alle.
Høyr heile intervjuet med Camilla Brusdal på Radio Sunnmøre.