- Eg trur at vi i for liten grad snakkar om kva eit liv er, kva eit menneske er og når livet startar. Og så må vi ut frå det snakke om korleis vi skal forholde oss til abort. No har abort blitt ei løysing på eit problem, utan at vi definerer kva eit liv er og når livet startar, seier Kristin Rudstaden, informasjonsansvarleg i Menneskeverd.
Menneskeverd meinar det utfordrar vårt forhold til kva eit menneske er, når no Ap og SV ynskjer at sjølvbestemt abort skal kunne uførast heilt til veke 18 (Ap) eller veke 22(SV).
-Frå eit biologisk ståsted er det eit menneske frå befruktninga. I samfunnet har vi ein annan definisjon på når fosteret får verdi. Dersom ein går for fri abort til veke 18 eller veke 22 så vil det innskrenke fosterets rettsvern, fortel Rudstaden i eit intervju på Radio Sunnmøre.