Tanya Grynyk har fleire gongar vore i Noreg, sidan ho har ei syster med familie på Sunnmøre, og dermed kan godt norsk. I eit intervju over messenger torsdag 3. mars fekk vi høyre om korleis det er i byen ho bur i saman med mannen, foreldre, barn og barnebarn.
Tre-fire gongar om dagen og natta går familien ned i kjellaren når flyalarmen går. Byen dei bur i har ikkje blitt berørt direkte av raketter, eller blitt direkte invadert av russerarar per no, men nær 90 000 flyktningar har kome til byen frå aust og sør. Auka med flyktningar skjer frå time til time.
Tanya og familien har til no valgt å ikkje flykte frå landet, sidan mannen, son og svigerson er mellom 18 og 60 år. Dei har derfor valgt å vere igjen for å hjelpe til med dei behov som er, og dei er mange og varierer frå dag til dag.
Sjølve byen har per no mat i butikkane, drivstoff på pumpene og vatn i kranene. Men flyktningane som kjem treng både tak over hovudet, kle, mat og medisiner. Dette hjelp Tanya til med som ei forlenga hand av Ukrainahjelpen i Ålesund samlar inn pengar til.
Tanya er personleg kristen og fortel i intervjuet at ho ikkje er redd i den situasjonen som dei er i no. Alle menneske skal dø, men så lenge dei har eit håp etter døden som kristne, så er dei ikkje redde.
-Det hjelp ingen å vere redd, fortel ho. Vi skal alle dø etterkvart, men så lenge vi har håpet, så er det ikkje noko problem, seier Tanya i eit intervju med Radio Sunnmøre. Ho fortel at dei har bønemøter kvar dag, og at bøn er veldig viktig for dei.
Høyr heile intervjuet med Tanya Grynyk på Radio Sunnmøre.