Ein ny kvardag også for Irene Krokeide Alnes som har fått permitteringsvarsel frå Indremisjonsforbundet (IMF) no når det ikkje er mogleg å halde møter på ulike forsamlingshus rundt om i landet. Ho har eit håp om å få kome i arbeid igjen, og fortel om kor flott det er å få vere med i bøneteneste under kveldsmøta i Radio Sunnmøre. Det som er mest overveldande av alle bøneemna som har kome inn, er alle som ber om frelse for sine, fortel Irene Krokeide Alnes i vekas kvardagsprat.