Då Lewi Bergrud var 7 år fekk han prøve mora sin gitar og då var han solgt. Då starta interessa for gitar og etterkvart song. Han har vakse opp i ein familie med far som pinsepastor og fekk tidleg prøve seg på scena. Etterkvart satsa han meir og meir på musikken, med samspel saman med fleire kjende artistar. Den kristne trua har alltid vore viktig for Berggrud og etter ein konsert gjekk det opp for han kva han skulle satse på og kva som var viktig for han. Salmer på pøbb vart eit konsept saman med Thor Erik Fjellvang og fleire, og i år kom plate nummer to ut med fleire salmar Onsdag 15. oktober spelte dei på Terminalen i Ålesund og i eit intervju på Radio Sunnmøre fortel Lewi Berggrud om kvifor det er viktig for han å få vere med å synge salmar og dele tru der folk er.