Kulturmiljø i landbruket
Noreg har mange små og store kulturmiljø over heile landet, og mange av dei eldste og mest sårbare er knytt til jordbrukshistoria. I denne episoden snakkar arkeolog og prosjektleiar for bevaringsstrategi for kulturmiljø i landbruket, Jannie Schnedler Johansen, laust og fast om faste og lause kulturminne i landbruket.Intervjuar: Øyvind Aase Fluge frå kommunikasjonseininga hjå Riksantikvaren. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Kulturmiljø langs kysten
Langs kysten i Noreg finn ein kulturmiljø i alle kategoriar frå alle tider. Fagdirektør og prosjektleiar for bevaringsstrategi for kystens kulturmiljø, Leidulf Mydland, er med og pratar om korleis kulturminnene vi finn langs kysten har forma historia om Noreg.Intervjuar: Øyvind Aase Fluge frå kommunikasjonseininga hjå Riksantikvaren. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Gjellestadskipet
Funnet av Gjellestadskipet gjekk verda rundt. I denne episoden fortel seniorrådgjevar Christian Løchsen Rødsrud, som då leia utgravingsarbeidet for Kulturhistorisk museum i Oslo, om korleis det var å arbeide med skipet.Intervjuar: Jan Magnus Weiberg Aurdal frå kommunikasjonseininga hjå Riksantikvaren. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Seljefunnet
Seljefunnet er eit av dei mest spektakulere arkeologiske funna på fleire år i Noreg. Hellekista, som dukka opp i Seljesanden i ruinane etter eit påtent hotel, inneheldt beinrestar etter fleire menneske. Seniorrådgjevar og arkeolog Ivar Aarrestad fortel om funnet.Intervjuar: Øyvind Aase Fluge frå kommunikasjonseininga hjå Riksantikvaren. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Slottet
Slottet er eit av dei mest kjende og kjære bygga i Noreg. Men kva er historia bak praktbygget som ligg i enden av Karl Johans gate? Fagdirektør Ulf Holmene freistar å svare på dette. Intervjuar: Øyvind Aase Fluge frå kommunikasjonseininga hjå Riksantikvaren. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.