Johnny-Mikael Gallefoss hadde eit kort opphald på Bryne før ferda gjekk vidare til Hordaland og ut i verda. Han vart hyrt inn av Vincent Company, dreiv anlegg i Dubai, før han no er trenarutviklar på eit Viking-akademi som straks når fem stjerner. Me drog han ut frå heimen på Rosseland til studio på Tu, og fekk høyre om det meste. Med tanke på talentutvikling har Viking tatt grep kor andre har slumra.