Helga 18. - 21. november vert det Håpskonsertar på Sunnmøre med Maria Engås Halsne og Norea Music, i regi av Norea Mediemisjon. Dei inviterer til ein stemningsfull og annleis førjulskonsert med alt frå julesongar, salmar og lovsongar.
Maria Engås Halsne vann The Voice på TV2 i 2019, er i dag legestudent og mamma. Gjennom musikken ynskjer Maria å bidra til å setje ord på følelsar, spreie glede eller gje trøyst. Hennar kristne tru pregar både henne som artist og musikken ho lagar. Ho har eit ynskje om at folk skal kjenne seg igjen i det ho skriv og at musikken ho lagar skal røre ved dei som høyrer.
I tillegg til Maria, får du høyre Elisabeth Lillebø Sæth, som er både låtskrivar, songar og pianist. Tone Østby blir med på cello, og Brit Kari Urdal leier konserten. Ein vil også i løpet av kvelden få høyre om mediearbeidet som Norea Mediemisjon driv i land som er stengt for tradisjonell misjonering.
Høyr intervjuet med sunnmøringen Elisabeth Lillebø Sæth på Radio Sunnmøre.
Create your
podcast in
minutes
It is Free