Forum for vitenskap og demokrati
Education
Kva rolle bør vitskapen spele?
Jon Naustdalslid har framstilt klimakrisa som ei «krise for demokratiet». Representantar for vitskapen krev «meritokrati». Aksjonistar tek saka i eigne hender (t.d. Extinction Rebellion). Andre vil ha «miljødiktatur».
Men om klimakampen skal lukkast, må vel heller demokratiet styrkast?
Spørsmåla er då kva rolle vitskapen bør spele. Kor lagt kan det sivile samfunnet gå i sine protester? Er demokratiet i stand til å handle raskt nok? Er det ikkje – trass alt - den rikaste 10-prosenten som bestemmer?
Jon Naustdalslid har bak seg ei lang karriere frå høgskulesystemet og den samfunnsvitskaplege instituttsektoren, mellom anna som leiar for By- og regionforskningsinstituttet NIBR. Han har skrive mykje om samfunnsstyring, klima og miljø, og er aktuell med boka Klimatrusselen. Krise for demokratiet? (2022)
Møteansvarleg: Tor Halvorsen
Create your
podcast in
minutes
It is Free