Onsdag denne veka starta kirkemøtet i Trondheim. Her vil det etter alt og døme bli innført ny vigselsliturgi for likekjønna ekteskap. - Eit klart brot på bibelen si lære om ekteskapet, hevdar Helge Standal, sokneprest i Sykkylven.
Helge Standal sit i interimstyret for nettverket "Frimodig Kirke". Nettverket vart starta etter fjorårets kirkemøte, då det vart fleirtal for å innføre ny vigselsliturgi for likekjønna.
Nær 300 prestar er med med, fortel Standal; - Det er eit nettverk for prestar som følte behov for å møtast og støtte kvarandre i ein situasjon som vi føler er alvorleg for kyrkja vår.
Han seier det er eit stort sprik blant medlemane om vegen vidare. - Nokre kjem til å melde seg ut av kyrkja, nokre vil slutte som prest og andre vil fortsette som prestar for å påvirke og forkynna den tradisjonelle læra. Standal trur dette blir vanskeleg.
- Dette er ei form for surdeig som vil prege og påverke kyrkja.
Create your
podcast in
minutes
It is Free