I dette programmet har Olaug Lillian Bjørke med seg Stig Magne Heitmann i studio. Dei ser nærare på World Watch List for 2017, og særleg ein av hovudtrendane ved årets liste: Religiøs nasjonalisme på frammarsj i Asia.
Fokus er på India, og vi får innblikk i korleis forfølgjinga kjem til uttrykk i dette landet. Blant anna er det kvar einaste månad om lag 40 hendingar berre i India, der pastorar blir banka opp, kyrkjer brent ned og konvertittar forfulgt. Den religiøse nasjonalismen har auka i oppslutning sidan midten av 90-tallet. Stig Magne tek oss med tilbake til 23.januar i 1999; då den australske misjonæren Graham Staines og gutane hans på 6 og 10 år blei brent til døde av hindufundamentalistar. Nyleg har 18-årsdagen for denne smertefulle hendinga blitt markert i India.
Ein indisk kristen leiar har uttalt: "Denne hendinga har gjort meir for utbreiinga av evangeliet i India enn mange tiår med misjon". Særleg var det Gladys og dottera sitt sterke vitnesbyrd om tilgjeving som gjorde sterkt inntrykk på det indiske folk. I programmet syng Olaug "I tårene skjules gleden"; ei song om håp trass botnlaus sorg, og om tilgjevinga sin løyndom.